Send mitt ønske til en som er glad i meg
Ansiktssølje i oksidert sølv med runde lauv og korslauv med lilla stein. Nydeleg rosett med lilla stein i midten. Sølja er mykje brukt til Hardanger vinterbunad. Ansiktssølje har opphav frå tidleg på 1800-talet og har vore mykje brukt på Vestlandet, spesielt i Hordaland. Typisk for sølja er botnen som er stansa ut med ein krans av ansikt eller masker bak henga.